Lær maskinbroderi skikkeleg.

Norsk nettskule for industrielt maskinbroderi, bygd rundt Sewtech sine fleirnålsmaskiner. Hundre leksjonar, video i kvar leksjon, og direkte linje til Kreatek når det stoppar opp.

Start på nivå 1 — gratis Sjå heile læreplanen
100leksjonar
41modular
111video
100ordforklaringar
3språk

Videoane er norske der det betyr noko

Videoane frå SEWTECH TV spelar rett i leksjonen, men med norsk tittel, samandrag, klikkbare kapittel og «dette skal du sjå etter» under. Du treng ikkje vere stø i engelsk for å følgje med.

Sjå heile læreplanen

Trådlegging steg for steg
0:00 Oversikt 0:45 Spenningsskiva 1:52 Nålauget

Står du fast? Send oss ein video.

Filmar du maskina med telefonen og lastar opp, ser vi som regel med ein gong kva som er gale. Det er raskare enn å skrive.

Support Feilsøking

Kvifor ein skule og ikkje ein manual

Ein manual fortel deg kva knappane heiter. Ein skule fortel deg kva du skal gjere når tråden ryk for tredje gong på ti minutt, kvifor logoen blir skeiv på venstre bryst, og kva du skal ta betalt for jobben.

Maskinbroderiskulen er bygd av Kreatek i Volda, som sel og servar desse maskinene i Noreg. Alt er på norsk, og du når oss direkte frå kvar einaste leksjon.