Alt er gratis no
Heile Maskinbroderiskulen — alle seks nivåa, alle 100 leksjonane, alle videoane — er open for alle i lanseringsperioden. Du treng ikkje betale, og du treng ingen kode.
Kvifor gratis?
Skulen er ny, og vi vil at han skal bli brukt før han blir seld. Di betre han blir brukt, di raskare finn vi ut kva som manglar — og di fortare kan vi fylle hola.
Difor: bruk han, og sei frå når noko er uklart. Chatten nede til høgre går rett til oss i Kreatek.
Kva du får akkurat no
- Alle seks nivåa, frå «før maskina kjem» til «broderi som forretning»
- 100 leksjonar med video, sjekklister, tabellar og quiz
- Heile feilsøkings-veivisaren
- Ordboka med 100 faguttrykk
- Supportsaker med opplasting av bilete og video
- Kursbevis på alle nivå
Kva som skjer seinare
På sikt kjem nivå 3, 4 og 5 til å ligge i Proff til 99,– per månad eks. mva. Kjøper du broderimaskin hos Kreatek, følgjer Proff med gratis i tolv månader uansett.
Har du brukt skulen i gratisperioden, mister du ikkje framdrifta eller kursbevisa dine.