Heile skulen er gratis i lanseringsperioden — alle seks nivåa, alle 100 leksjonane, ingen betaling. Til kursa

Personvern

Kva vi lagrar

Lagar du konto, lagrar vi namn, e-postadresse, eventuelt firmanamn, kva maskin du har oppgitt, og kva leksjonar du har fullført. Sender du inn ei supportsak, lagrar vi det du skriv og filene du legg ved. Skriv du i chatten, lagrar vi meldingane.

Video og YouTube

Videoane ligg hos YouTube. Vi brukar youtube-nocookie.com, og ingen video lastar før du sjølv trykkjer på spel. Fram til det får YouTube ingen data om deg frå denne sida.

Informasjonskapslar

Vi set éin kapsel når du loggar inn, slik at du held fram med å vere innlogga. Han er teknisk nødvendig. Vi brukar ingen sporingskapslar og ingen tredjeparts analyseverktøy.

Kven ser det

Berre Kreatek AS. Vi sel eller deler ikkje data. E-post blir sendt gjennom Resend, som er databehandlar for oss.

Sletting

Vil du ha kontoen og alt innhaldet sletta, send ein e-post til post@kreatek.no, så gjer vi det utan spørsmål.

Ansvarleg

Kreatek AS, Volda. Kontakt: post@kreatek.no